Her er du: Startsiden » Vis artikkel
Kontakt/ informasjon

  Samisk - Samigiella » Barnetrinn » Bakgrunnsstoff

« Tilbake  
Gjetarstaven

Hans Kr. Eriksen

Om dagen samla Per flokken sin nede i Karesuando. Han kasta fast ein av dei største kjørereinane og leide den etter seg over myrmarkene med tusen soler i snøen. Tjue kuldegrader sto dirrande som nåler i lufta.
Den store kjørereinen følgde Per, rolig med Per sin lasso i halsbandet. Slik gjekk Per og var førar for flokken, han var den som alle måtte følge. Dei breie skiene flaut oppå solsnøen, skallane godt feste i vierstroppene. Heimlaga alt- av virke frå vidda. Han Per er gammal og vil bruke det han har brukt. Har aldri hatt ei fabrikkski eller ein kjøpt binding, aldri en bambusstav med plasttrinse. Sine eigne gamle ski, sine eigne heimelaga stavar, den eine med vierbunden trinse, den andre vakkert utskoren og forma som ein spade i enden.
Gjetarstaven.
Den store flokken følgde Per til nye beitemarker. Hundrevis av dyr i ei evinnelig lang vifte bak. Dei perlande kvite skogsmyrene blei levande, sjølve vidda var på vandring. Per i spissen. Ein levande gud på jorda med tusentalls liv å bestemme seg over.
I kanten av myra stansa Per, ein stad der furuskogen sto inntil. Per grov med skuflestaven sin gjennom skaresnøen. Gjekk verdig og taus i skogkanten. Ei grop her og der, tok i mosen og lyngen som følgde med opp, såg, lukta. Så løyste han førarreinen og let dyra spreie seg.
Dei tok til å grave som Per hadde gjort. Snøen spruta for spadeklauvene. Stor ro fall over flokken. Snøskutarane samla seg ute på den opne myra og stilna.
Kvit damp ut av naseborene på tusen dyr. Taus som før kom Per ut av flokken, bort til ein av sledene, sette seg ned og tok ein røyk.
-Ja her er mat, sa han. No kan vi dra ned til Aslak og snakke med han og fortelle at dyran e kommem tel nye beite. Han Per greide det!
Han var litt kry no. Han hadde klart det. Og Aslak vi skulle fortelle det til var husfaren sjøl, ovrhodet for familien og flokken.

Om kvelden kjørte Per og eg mot havet. Mil etter mil åt vi oss oppover den øde vintervegen frå Karesuando, vestover, nordover. Vi skulle ned til Skibotn og fortelle Aslak om flokken, at alt sto vel til, at Per hadde ført dyra over myrene, at beitene var gode.
På taket av bilen låg skiene og gjetarstaven. Neste dag skulle Per til Galgujavri der han hørte til.
Flokken inne i Sverige, husfaren nede i Norge. Per og gutane gjette der inne i skogsmarka dei hardaste vintermånadene.
Det begynte hausten før, den kalde regnhausten, den bitre hausten. Først regna det lenge, så fraus det til is over lavmarkene. Og ved buplassene deres ved Galgujavre gjekk lærde folk og målte vatn og høgder, bygde bruer og vegar. Dei skulle demme opp Galgujavre, drukne husa, søkke ned beiter og reinvegar. Var det nokon som spurde Per? Som spurde Aslak, kvinnene deres, sønnene, døtrene?
Maskinanne tok til å ete gras og mose, knuse lav.
Alt blei kulde, ispanser over det heile.
Ei natt slo ein sprengsmell over dalen.
Brua over elva! Den nye brua som kraftfolket frå byen hadde bygd. Kem hadde sprengt?
No spurde dei Per, no spurde dei Aslak og sønene hans.
Før hadde ingen spurt. Ingen kom til dei og sa: Skal vi få lov å bygge bruer over elvene og nye veger i beitelandet dokkers, i dalen dokkers?
Reinfolket hadde aldri sagt ja, for dei var aldri spurt. No kom folk frå byen.
Isen og kulda gav seg ikkje. Reinfolket var frå beitelandet til byen. Dagar gjekk, flokkane aleina i islandet, reinfolket innestengte bak murar, bak stengde dører.
Så kom reinfolket tilbake. Beitemarkene nedisa, reinklauvene greidde ikkje banke seg gjennom isskorpa. Vårherre var imot dei liksom gudane i storsamfunne var det. Isen låg som ei kald hand omkring dei.
Ein dag sa Aslak til Per og gutane: Vi må dra til vinterbeitene i Sverige. På tjue år hadde dei ikkje brukt dette beitelandet som hørte ætta til. Dei søkte til dei store kontora nede i oslo, Helsinki og Stockholm for å få dra til sine gamle beitemarker i det grenselause Nordkalottlandet. Midt inne i sameland låg det gamle beitelandet som ætta hadde rukt frå uminnelige tider. No skilde raude streker på papiret mellom folk som var eitt.
Ein morgon braut flokken opp frå fjellea ved Galgujavre. Ei hundrekilometers ferd over fjellet, ned gjennom skogane, hadde begynt.
I det grenselause landet som hørte dei til, fekk dei lov til å vandre berre to døgn i finsk land, to netter i finske fjell, så måtte dei vere på svensk jord, i slektenes gamle land i hjertet av Sámi.
Her inne var det vi møtte dei.
Og på den lange kvite vegen nordover Finland var det Per tok til å joike. Vi hadde langt igjen til heimplassen, fødestaden Galgujavre.
Ka joika du no, Per?
Det var Ivgovagges joik, Skibotndalens joik.
Når du joika Skibotndalen, ka ord brukte du da?
Så satt gubben stille. Det var slutt på den solklare vinterdagen. Skyer dreiv inn frå sør, eit dryss av snø la seg over vidda, og skjømminga seig inn på oss. I vest såg vi dei skarpe konturane mot Norge.
Så seier Per orda, prosaisk på et språk som okkje er poesi for han, men slik at eg forstår Skibotndalens joik:

Det er ei angstfull tid
for samane
Alle unge samer
er ivrige for reindrift
No vet de ikke
ka de skal gjøre
De har ikke håp
for reindrift mer.
Skal det være slutt
for samefolket?
Samefolket engster seg
Han joika vidare- oldefars joik:

Oldefar var reinmann
beiteland hadde han
i Finland og Sverige
i Sámiæna
Tusen reina hadde han
rein på hele vidda
No kaste de saman ut
No e de blitt rømlinga
Oldefar var reinmann

Stille mellom oss. Mørket tar til å sige på. Vegen kvit i lyset frå bilen. Taus er Per, taus er eg. Han tar seg ein røyk
Brått seier han:
-Såg du gjetarstaven min?
Ja, eg la den på biltaket ilag med skiene.
Æ har laga de sjøl. Lærte av far min som også laga staven slik. Æ va bare tjue år da æ laga den. Sia har staven vore med mæ der æ har gådd med reinan. Såg du korsn æ grov med han? Slik finn æ ut om det e gode beite.
Ja, eg hadde sett!

Vi et oss mil for mil oppover vinterlandet, lange bratte bakkar mot Kilpisjärvi. Saana, det hellige fjellet reiser seg austvendt som ein truande knyttneve. Innunder dette fjellet ligg Retkeilumaja, turistheimen, vandrarheimen ved kilpisjärvi. Då er det Per huskar nok:
-På Retkeilumaja ville de kjøpe staven min. Æ skulle få 100 krone for den.
Ka skulle de gjøre med staven din på Retkeilumaja?
Han skulle få en fin plass i utstillinga med ting fra Sameland. Turistan skal få se dette og se korsn samefolket leve og har levd.
Får de kjøpe staven?
Ja, æ kan jo lage ny stav, så får æ hundre kroner for gammelstaven.

Per, tenkte eg, du må ikkje la Retkeilumaja få staven din.Skal desse forfina turitane gå og sjå staven din malplassert på ein hotellvegg, mens du Per går med ei etterlikning inni reinfjellet.Eg såg føre meg en busslast amerikanarar, sotsvart fargahår, bleikrøde stiftlepper som vrenger seg i «oh so wonderful!» Og Helsinki -frøkener på skitur ved det hellige fjellet kjem full av mytologi inn i Retkeilumaja til Per sin stav og ropar over seg: «Se on kaunis sauva»- for ein vakker stav!
Høgt sa eg:
-Per, eg gir deg 100 krone for staven dersom du ikkje sel han til Retkeilumaja.
Du? sa han undrande.
Ja.
Eg stansa bilen, tok fram ein hundrelapp.
Staven e din, sa han.
Eg var med eitt så glad for at Per sin stav ikkje skulle henge i ein retkeilumaja i Finland, men leve vidare på fjellet og i flokken. Men kor skulle eg ha staven? Den var jo like malplassert i stua heime!
Per sa ikkje eit ord.
Etter ei lang, taus stund seier han:
-Så no e Per sin stav blitt din. Du må ta godt vare på staven.
-Ja det kan du lite på!
Seier eg. Men kan han lite på det?
Stille sitt han ved sida av meg, mullar ein joik i moll, trur eg. Ka er det han joikar? Er det stven?
-Brått seier han:
Ja, du tar nok godt vare på hundreårsstaven hannes Per. Han far lærte meg det, og æ laga min egen gjeterstav. Eg va visst bare 12-13 år da æ laga den første. Det er ikke så lett å lage ein gjetarstav. Såg du korsn sneen spruta unna da æ grov? Det er ikke mange som kan lage stav mer. Men Per kan det.
Stille igjen. Høgfjellet omkring. Ein bil som ei hardskalla bille driv langs den smale stripa gjennom kvitt land. Her nede ligg Galgujavre, Per sin buplass. Landsbyen som Utviklinga ville legge under vatn.
Vi er i Norge, Skibotndalen føre oss, halvmørke, men ein halvmåne heng skeivt over Lyngsfjellan vestpå.
Per går av i Skibotn. Skiene har eg med. Neste morgon skal vi til Galgujavre. Per skal være med- eller eg skal være med Per.
Skiene får være her, seier eg, - så tar eg dem med til Galgu i morra.
-Ja, men staven din! Ja, du må huske på å ta med deg hundreårstaven hannes Per. Men han Per skal nok lage en ny stav.

Natta.
Per søv hos Aslak. Eg søv på hotellet.
Søv eg?
Der ser eg han føre meg, gamle Per: Du må ta godt vare på staven.
Eg er blå vaken. Tuslar meg til vinduet. Der er månelyst så eg ser bilen stå nede ved vegen. Staven er der.
Men tar eg no godt vare på den?
Hadde eg hatt Per med meg nokre timar til, så ville vel dette ha blitt tusenårsstaven.
Tusenårsstaven?
Ja, er det ikkje det den er? Gjennom tusenår og meir har til reinfolket gått med vandrestaven og gjetarstaven mellom det fjerne skoglandet og dette havlandet. I veker var dei undervegs mens dei flytta dei milene vi har gjort unne på nokre timar. Per er ein av dei siste av gjetarstavfolket som skal følge flokkane sine siste år inne ved Galgujavre, mens anleggsmaskinane buldrar og bryt over beitemarkene, og vegane krokar seg som opne sår inn mot livsnerven i Sameland.
Per sin stav på biltaket ei vinternatt.
Eg kler på meg og listar meg gjennom hotellgangen, får døra opp. Etterpå stiltrar eg meg inn igjen.
Du må ta godt vare på staven!
Morgon.
Sol over Galgujavre.
Heile Per er full av glede over å være ved Galgu igjen.Han spring lett nedover skaren, greier ikkje å styre føtene til å går.
-Eg sett skien dine her oppe, ropar eg.
-Ja sett dem ved den store steinen. Men staven er din!
Eg set skiene ved den store steinen og reiser staven mot dei. Så går eg ned til Galgujavre.
Det ryk alt frå hytta hos han Per. Eg går inn.Kaffikjelen på omnen. Han Per ligg på kne framfor komfyren og stikke lange bjørkekubbar inn.
Vi drikk kaffi. Og det bjeffar hundar og leikar ungar borte ved dei andre hyttene. Så skal eg gå. Gamle Per sit og ser på meg då han seier:
-Skiene og staven står oppe ved den store steinen. Men staven er din!
-Du Per, seier eg,- kan vi ikkje seie det slikat staven e min, men du bruke han heile ditt liv her i fjellet?
Så kjem den aldri tel Retkeilumaja.
Då smilte han Per.

Klikk her for mer om Galgojavre

Kilde: RAMFJORDEN-Samisk historie og samtid i Ramfjordområdet,
Ramfjordforlaget.



Skriv ut artikkel.

Skrevet av Edith S.B. Båhl, fredag, 16.03.2007 - klokken 10:34
Sist endret: onsdag, 21.03.2007 - klokken 12:59
- Design/ utvikling: STORFJORD DATA 2©06 -